REDESIGN OG SØM

SY-I-LAG

Eg arrangerer sy-i-lag laurdagar kl 11.00-14.00 7 mai og 4 juni.

 

Her syr vi saman. Eg har oppgåver og prosjekter, men du kan og komme med prosjektet ditt, og jobbe med det her. Eg hjelper deg om og når du trenger hjelp. Det å sitte mange rundt eit bord og sy i lag er skikkeleg triveleg! og eg har skapa fulle av flotte gjennbrukstekstiler, og symaskiner til utlån om du trenger det. 

KLEFIKSING

Eg arrangerer klefiksing laurdagar kl 11.00-14.00 i 16 april og 28 mai.

Vi fikser hullete kler, syr inn og ut og gjer enkle endringer på kler. Den gamle ullgensaren kan bli ein "bøff", eller bøter på ein annan genser. Hullete tjukkeragga må vi bøte, og dongribuksene er kule med lapp på innsida. 

REDESIGN KURS

Redesign er å gjere noko gamalt nytt. Vi skal skape om. Vi tar noko brukt og omformar det, slik at det kjennest ut som noko anna. Vi har fokus på idemyldring, på å sjå nye muligheter for gamle kler og tekstiler og på korleis ein kan sy det om i praksis. Det å skape saman er veldig kjekt! Dette blir eit kurs der vi skal kose oss saman med å skape, prøve ut og vere kreative. Eg kjøper inn alt av materiale og utstyr. Men det er kjekt om du rydder i skapet og ser om der er nokre kler du bruker lite, dei kan vi jo prøve å gjere kule. Og mamma sin gamle kjole blir lett til eit kult skjørt, fars t-skjorte kan bli skikkelig fin med litt tiedye (batikk), så saml gjerne saman litt heime.

SYMASKINSERTIFIKAT (12 april)

Når du tar symaskinsertifikatet hjå meg så lærer du å tre maskina og sy rettsøm og sikksakk. Vi syr ei enkelt mappe saman, og alle får eget symaskinsertifikat.

FERDIGHETER

Du treng ikkje å vere kjempegod til å sy, men du bør kunne tre maskina og sy rettsøm, dersom du ikkje kan det så lærer eg det vekk på symaskinkurs, eller du kan gi meg eit hint før du kjem, så hjelper eg deg litt ekstra i begynnelsen.

UTSTYR

Eg har nokre symaskiner, men dersom du har di eiga anbefaler eg å ta den med, alltid best å sy på den maskina du kjenner best. Eg kjøper inn alt av materiale og utstyr. Eg har mykje spennande gjenbrukstekstiler i skapa mine. 

KURS MED NOMEDA

Nomeda driv Atelie Nomeda, ho er skredder og syr/broderer bunader. Ho kjem til å ha kurs i Skreddersøm og Bunad på Tegneriet. Datoar kjem.

PÅMELDING

Meld deg på her på sida mi, underside under kurs. Har du spørsmål så sender du meg ei melding frå kontaktsida.

https://www.torunhunnes.no/p%C3%A5melding-1

Eg har gåvekort dersom du vil gi kurs som gåve. Skriv det i påmeldinga eller kom innom tegneriet.

KURSOVERSIKT VÅREN 2022:


REDESIGN
Alder: Barn og unge (9-19 år )
Oppstart: August
annankvar laurdag i 3 mnd. kl. 11-14
Pris: 2500,- inkl utsyr.

KLEFIKSING
Alder: For alle
Tid: 28 mai

Kl: 11.00 - 14.00
Pris: 400,- inkl utsyr.

SY-I-LAG

Alder: For alle
Tid: 7 mai og 4 juni
Kl: 11.00 - 14.00
Pris: 400,- inkl utsyr.

FB_IMG_1624990402007.jpg
FB_IMG_1624990414506.jpg
FB_IMG_1624990405773.jpg
FB_IMG_1624990417434.jpg
FB_IMG_1624990408832.jpg
20220108_125610.jpg