top of page
BOKDESIGN
Eg er over snittet oppteken av bøker. I studietida var det bøker eg fokuserte mest på. Som freelancer arbeider eg for forlaga Samlaget og Mangschou.
BOKOMSLAG FOR SAMLAGET
Desse tre bøkene blir utgitt på Samlaget i løpet av året. Her kjem fleire bilder av dei når dei har blitt utgitt.



«VÅRT GISKE - ØYRIKET I HAVET»
Denne boka er gitt ut av NHF Giske forlag. Ei fotobok på 160 sider med bilder tatt av amatørfotografar i kommunen. Her har eg formgitt heile boka. Eg har vore med på strukturarbeidet og hatt ansvar for alt estetisk.









LÆREBØKER I SERIE
Eg har fått designa ein serie med lærebøker for Samlaget. Dette er første boka på ein serie som blir på rundt 20 bøker. Her blir det ulike fagfelt og studier.


«MEDIA I SAMFUNNET»
Lærebok i mediafag, gitt ut på Samlaget våren 2020. Eg har designa omslaget.





«BARNS FRITIDSTEKSTAR»
Lærebok for lærarutdanninga, denne er ikkje utgitt enda, men er i Samlaget sin katalog for nye bøker.
«DEN VELDIG HEMMELIGE HAGEN»
Denne boka er gitt ut av Mangschou forlag. Her fekk eg teikne tittelen. Den er teikna for hand med blyant.


BOKOMSLAG FOR «JUSS I SJUKEPLEIE OG HELSEFAG»
Omslagsjobb for Samlaget. Lærebok for sjukepleie og helsefag. Boka blir utgitt til hausten.


BOKOMSLAG FOR «SPESIALUNDERVISNING»
Omslag lagd for Samlaget. Boka blir utgitt til hausten. Dette er oppfølgar til ei anna bok som har ordsky på omslaget, og denne måtte stå i stil, så her var idé og rettningslinjer for design gitt på førehand.


bottom of page