ILLUSTRATØR OG GRAFISK DESIGNER
Eg er illustratør og grafisk designer. Utdanninga mi har eg frå Kunst og Designhøgskulen i Bergen der eg tok ein Master i Design, med fordjupning i Visuell Kommunikasjon. Under masterperioden spesialiserte eg meg i tolking av tekst, visuell retorikk og illustrasjon.

 

Våren 22 begynte eg i fast jobb for Cappelen Damm si avdeling VAR Healthcare som illustratør og grafisk designer. Eg arbeider frå Tegneriet som er kontoret mitt på Vigra. Foretaket mitt som freelance bokdesigner er delvis avvikla. Eg har fortsatt tegnekurs på Tegneriet innimellom. Men dersom du treng noko grafisk/illustrativt så send meg ein mail, kanskje rekk eg å ta det, eller eg kan sette deg i kontakt med nokon som kan det.

 

TEGNERIET

Eg har kontor, studio og kurslokale på Tegneriet på Roald Gård på Vigra. Her held eg til på dagtid som designer/illustratør, og så arrangerer eg kurs her i helgene. Her er kurs i tegning og redesign for alle, både barn og vaksne. Her er og Klefiksing på laurdagar slik innimellom. Kursoversikta ligg her på nettsida. .

TENESTER EG TILBYR
Billedbok / Bruker og behovsanalyse / Cover / Emballasje / Fakta og saksillustrasjon / Historiefortelling / Illustrasjonsdesign / Katalog og brosjyre / Kommunikasjonstrategi / Konseptutvikling / Logodesign / Messemateriell / Navneutvikling / Plakat / Prosjektstyring / Skilt og informasjonssystem / Symboler /  Typografi / Visuell kommunikasjon / Årsrapporter

OM TORUNSEN

Torun Hunnes illustrasjon og grafisk design
runde bilder web6.jpg