REDESIGN veke 25
Kurset er fullt. Har venteliste.
ALDER: 5-10 kl
TID: Veke 25 Kl: 9.00-15:00
STAD: Valderøy barneskule
FORKUNNSKAP: Symaskinsertifikatet. (Du må kunne tre symaskina og sy rett søm)
REDESIGN er å gjere noko gamalt nytt. Vi skal skape om. Vi tar noko brukt og omformar det, slik at det kjennest ut som noko anna.
Denne veka kjem vi til å sy mykje, så du må kunne sy litt. Rydd skapet ditt før du kjem, ta med noko som du ikkje likar, noko som er for lite og noko som er hullete/slete. Sjå om far din har nokre gamle t-skjorter, eller om der ligg nokre gamle sengekler på boda, det kan vi lage mykje gøy av! Eg kjøper og inn brukte kler og tekstiler, så har du ikkje med noko så går det og greit.
Vi skal og redesigne med ting. Sette saman ulike greier på nytt. Kva får du om du setter ein tekopp oppned og limer på toppen av ei barbiedukke? Og kan eit gamalt bildekk bli eit bord? Her skal vi ha kreativ leik, utforske og kose oss.
Du må ha med matpakke, fredag feirar vi oss sjølve med pizza.
Eg har med meg ein elev frå Ålesund Kunstfagskule som assistent.
Har du spørsmål ta kontakt på mail: torun.hunnes@gmail.com
Påmelding finner du her på nettsida mi, på ei eiga side som kjem når påmeldinga startar, 04.juni kl.12:00 til 10.juni kl. 23:00.
NB: Kun for elevar busette i Giske kommune. Kurset er gratis.
