HYBRIDER - KUNSTKURS veke 26

Kurset er fullt. Har venteliste.

ALDER: 5-10 kl

TID: Veke 26 Kl: 9.00-15:00

STAD: Valderøy barneskule

FORKUNNSKAP: Ingen, men du bør like å teikne, male og forme!

 

EIN HYBRID er når noko er satt saman av to ulike. Hybridbilen er elbil og bensinbil samtidig. Ein kentaur er eit fabeldyr der ein har satt saman eit menneske og eit dyr. Setter du saman eit eple og ei pære så er det og ein hybrid. Vi skal halde på med hybridar heile veka, men på ulike måtar og innan ulike teknikkar og fagfelt.

MANDAG: Teikning, vi lærer å skuggelegge og å forme med lys og mørke

TYSDAG: Modelleire og ståltråd

ONSDAG: Akrylmaling på plater og på lerret

TORSDAG: Redesign, vi lager figurer av gamle leiker

FREDAG: Vi jobber med det vi likte best, avslutter prosjekter og lager ei lita utstilling

Du må ha med matpakke, fredag feirar vi oss sjølve med pizza.

Eg har med meg ein elev frå Ålesund Kunstfagskule som assistent.

Har du spørsmål, ta kontakt på mail: torun.hunnes@gmail.com

 

Påmelding finner du her på nettsida mi, på ei eiga side som kjem når påmeldinga startar, 04.juni kl.12:00 til 10.juni kl. 23:00.

NB: Kun for elevar busette i Giske kommune. Kurset er gratis.
 

shutterstock_kunst.jpg