top of page

MASTEROPPGÅVE 2011

Eg studerte ved Kunst og Designhøgskulen i Bergen. Der tok eg først ein Bachelor i Visuell Kommunikasjon og så ein Master i Design med fordjuping i Visuell Kommunikasjon. I mi masteroppgåve spesialiserte eg meg i tolking av tekst og forholdet mellom ord og bilete. Eg såg på korleis ei visualisering av teksten forandrar betraktaren si forståing av den. I den forbindelse har eg fordjupa meg i visuell retorikk og arbeida mykje med korleis ein kommuniserar eit bodskap effektivt og konkret mot ulike målgrupper.

Det ferdige resultatet vart ei skrifteleg oppgåve på ca 80 sider som heiter "Ord møter bilete", som er det teoretiske underlaget for den praktiske oppgåva.

Det praktiske resultatet vart ei lærebok i tolkingsmetode som heiter "Haugtussa og Eg". Her presanterte eg ulike tolkingsmetodar og syner korleis ein kan endre ein tekst ved ulike visuelle uttrykk og metodar. Visuell retorikk er eit kraftigt verkemiddel. Ein kan seie mykje med ord, men skal ein kommunisere ut eit bodskap som skal vere haldningsendrande og formidle viktige bodskap som skal skille seg ut i vårt visuelle og digetale samfunn, så må ein ha kunnskap til å formidle med ord og bilder saman på eit vis som set spor, og metodene for å gjere det har eg utvikla i mi masteroppgåve.

 

DEN TEORETISKE DELEN

DEN PRAKTISKE DELEN

bottom of page